Gvarv
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | ||
---|---|---|
|
||
Sauherad i Telemark | ||
Geografi |
|
|
Folketal[1] | 926 (2008) | |
Folketettleik | 661,4 /km² | |
Areal[1] | 1,4 km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Annan informasjon | ||
Ferdselsårer | 36 360 | |
Postnummer | 3810 GVARV |
Gvarv er ein tettstad i Sauherad kommune i Midt-Telemark. Bygda ligg ved den nordvestre enden av innsjøen Norsjø, omlag 7 km austom Bø.
Sørlandsbanen går gjennom Gvarv og tidlegare stoppa toga på Gvarv stasjon, men no er dei næraste stoppestadane Bø og Nordagutu. Riksveg 36 går gjennom Gvarv og nordvestover til Bø og Seljord medan det er fylkesveg til kommunesenteret Akkerhaugen som ligg omlag 5 km austom Gvarv.
Det solrike og varme klimaet sommarstid gjev gode tilhøve for frukt- og bærdyring som er ein viktig næringsveg i området. Gvarv fruktlager ligg sentralt i bygda.
Namnet Gvarv skal kome av gamalnorskt hvarf (krumming), og skal vise til svingen Bøelva tek der. [2]
Sauherad ungdomsskule og barneskulen Gvarv skule ligg på Gvarv. Det gjer også Sagavoll folkehøgskole.
Området har ei stor stamme av frittlevande bever, og det vert arrangert beversafari for turistar og andre interesserte.
[endre] Kjelder
[endre] Referansar
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2008.
- ↑ Red: Sandnes, Jørn og Stemshaug, Ola: Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo 1997 ISBN 82-521-4905-7