Guro Fjellanger
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guro Fjellanger (fødd 1964 i Bergen) er ein norsk politikar frå Venstre. Frå 1986 til 1988 var ho leiar av Unge Venstre. Ho var miljøvernminister i sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000.
Guro Fjellanger vart fødd i Bergen, men vaks opp i Stokmarknes. Ho vart fødd med sjukdommen spina bifida, som gjer at ho har måtta gå med krykkjer heile livet. Ho er utdanna gullsmed, og har grunnfag i idéhistorie. Då ho flytta til Oslo som 19-åring vart ho aktiv i Unge Venstre. Ho var organisasjonssekretær 1985 - 1986, og leiar 1986 - 1988. 1991 - 1995 var ho generalsekretær i Nei til EU. I 1996 vart ho nestleiar i Venstre, noko ho var i fire år, til 2000.
Føregjengar: Hege Berg-Nielsen |
Leiar av Unge Venstre |
Etterfylgjar: Atle Hamar |