Guldborgsund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guldborgsund er eit langt og smalt sund i Danmark mellom øyane Lolland og Falster. Det er òg namnet på ein tettstad som ligg ved sundet på Lolland. Sundet er kryssa av Frederik 9. bru ved Nykøbing Falster og av Guldborgsundbrua ved Guldborg i nordenden av sundet. Guldborgsundbrua er ei bogebru bygd i 1934, 180 meter lang og 7 meter brei. Det er òg bygd ein moderne tunnel under sundet, som E47 til København går gjennom.
Guldborgsund er òg namnet på ein minesveipar som tenestegjorde i den danske marinen frå 1956 til 1993.