Guden Måne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Måne (norr. Máni) var guden som førte månen over himmelen i norrøn gudetru. I norrøn gudetru var månen laga av gnister frå Muspelheim. Måne kan òg vera ein personifisert månegud. Måndagen har fått namn etter han.
Måne var son av Glaur og Mundilfare, og bror til Sol. Så strålande vakre var dei to ungane at faren kalla dei opp etter himmellekamane. På grunn av dette sette gudane dei til å styra vognene med sola og månen i. Måne flykter stadig frå ulven Hate, som vil sluka han. Ulven Skoll, som er ute etter Sol, spring føre. Ulvane kjem til å nå att både Måne og Sol ved Ragnarok.
[endre] Kjelder
- Snorre Sturlason: Den yngre Edda
- Vavtrudnismál