Gisle Fenne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gisle Fenne (fødd 9. juni 1963) er ein norsk skiskyttar frå Voss. Det beste resultatet hans i internasjonale tevlingar er sølvmedalja i verdsmeisterskapet på 20 km i 1989. Han hadde mange harde oppgjer i sporet og på standplassen mot Eirik Kvalfoss i løpet av karriæren. Han var i noregstoppen frå midt på 1980-talet til midt på1990-talet, og vart to gonger norgegsmeister på 20 km. Fenne var best kjend som ein framifrå skyttar, men klarte ikkje alltid å følgja dei beste i sporet. Han har også vore skytetrenar for det norske landslaget i skiskyting.