Forskaling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forskaling er ein midlertidig konstruksjon som former den ferske betongen og held han på plass til han har hardna.
Nemningane form og forskaling har blir stundom nytta om om kvarandre. Med form meinast sjølve flatene som former betongen, altså overflata til forskalinga. Med forskaling meinast både forma og dei støttande og avstivande konstruksjonane som held forma på plass.
Forskaling vert delt inn i fleire typar:
- Tradisjonell forskaling som er forskaling bygd opp av trevirke, plank, bord og finerplater.
- Systemforskaling er forskalingselement som kan monteres raskt og kan brukast om igjen fleire gonger.
- Klatreforskaling er forskaling som vert løfta oppover konstruksjonen etappevis etter kvart som byggearbeidene skrider fram.
- Glideforskaling er forskaling som glir med jamn fart oppover konstruksjonen etter kvart som byggearbeidene skrider fram.
Ein forskaling vert bygd etter to prinsipp:
- Støttande forskaling, som vil i praksis seie veggforskaling eller lignande. Forma og forskalinga hindrar betongen å "renne ut".
- Berande forskaling, som vil i praksis seie dekkeforskaling. Forma og forskalinga hindrar betongen i å "falle ned".