Formel 1
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Formel 1 er den øvste klassen i motorsport som vert regulert av Fédération Internationale de l'Automobile (FIA). Med ordet formel meinast at det er eit sett reglar som både bilar og utøvarar må oppfylle. Verdsmeisterskapet i formel 1 går føre seg kvart år ved ei rekkje løp, kalla Grand Prix, på ei rekkje motorbaner rundt om i verda. Unntaket er Monaco Grand Prix og Melbourne Grand Prix som går føre seg på stengde byvegar. Ved slutten av kvart løp vert dei tre beste sjåførane premiert. Poeng vert rekna ut både til dei som køyrer og til bilkonstruktørane. Når alle løp er køyrde ved slutten av sesongen vert den utøvaren som har sanka flest poeng kåra som verdsmeister, det same gjeld for bilkonstruktørane. Det er difor stor prestisje blant bilfabrikantar å delta i og vinne formel 1, og sporten er verdas dyraste motorsport.
Innhaldsliste |
[endre] Bilane
Bilane i Formel 1 er einsetars opne bilarmed friliggjande hjul. Føraren av bilen er plassert framføre motoren. Tradisjonelt er sporten staden der verdas største bilfabrikantar, som Ferrari og Mercedes, konkurrerer om å utvikla den beste bilen. Ved sida av dei store bilfabrikantane finnest det og privateigde lag. Desse laga konstruerer sine eigne bilar, men har som regel motorar levert frå bilfabrikantar. Kjende private lag som har gjort det stort innan F1, er McLaren og Williams.
[endre] Utøvarane
Formel 1 utøvarar må ha ei veldig god psyke samt ei god helse. Ein må desutan også ha ein superlisens frå FIA for å kunne køyre. FIA gjev ut superlisensar ved etterspørsel. Det er likevell ikkje opp til kven som helst å få ein superlisens. Reglemanget krev at søkaren må anten vere regjerande verdsmeister i ei lågare motorport, til dømes innan Formel 3 eller GP2 Serien (tidlegare kjend som formel 3000) eller fullførd bra jamnt over.
Dessutan kan utøvarar frå Champ Car eller Indy Racing League søkje om superlisens om dei har fullførd som nummer seks eller betre i førarmeisterskapen der. Dette vart gjort mogleg slik at amerikanske motorsportutøvarar kan delta utan å måtte byrje i dei lågare FIA-regulerte klassane.
Berre ved heilt spesielle tilfelle vert ein superlisens gjeve ut utanfor desse kriteria. Dette for å sikre at utøvarar har dei naudsynte ferdigheitene og ikkje er ein fare for andre deltakarar
Dei fleste av utøvarane i formel 1 sluttar rundt midten av 30-åra. Mange vel å fortsetje i motorsportsgreiner som er mindre fysisk utfordrande. Både Gerhard Berger og Alain Prost har etter at utøvar karriera tok slutt, returnert til formel 1 som eigarar av sine eigne konstruktørlag.
[endre] Løpa
Eit formel 1 løp, ofte kalla Grand Prix, går føre seg ved å køyre eit visst antall rundar, som oftast på ei lukka asfaltert bane. Start og mål-linja er ved ei rettstrekning, deretter føl som regel pit-leiren, der bilane stoppar for å fylle meir bensin, skifte dekk og gjere andre justeringar på bilen som kan vere naudsynt. Elles varierer dei ulike banene både i lengda og i utforminga av bana.
[endre] Bakgrunnsinformasjon
Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapet i 2008 | ||||||||||
Ferrari | BMW Sauber | Renault | Williams | Red Bull | Toyota | Toro Rosso | Honda | Super Aguri | Force India | McLaren |
1 Räikkönen 2 Massa |
3 Heidfeld 4 Kubica |
5 Alonso 6 Piquet |
7 Rosberg 8 Nakajima |
9 Coulthard 10 Webber |
11 Trulli 12 Glock |
14 Bourdais 15 Vettel |
16 Button 17 Barrichello |
18 Sato 19 Davidson |
20 Sutil 21 Fisichella |
22 Hamilton 23 Kovalainen |