Flyndrefisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flyndrefisk |
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Chordata | |
Underrekkje: | Vertebrata | |
Klasse: | Actinopterygii | |
Infraklasse: | Teleostei | |
Orden: | Pleuronectiformes | |
Vitskapleg namn | ||
Pleuronectiformes |
Flyndrefisk (Pleuronectiformes) eller flatfisk er ein orden flate botnfisk som lever i salt-, brakk- og ferskvatn over heile verda. Det finst over 600 artar, dei fleste av desse finn me i Stillehavet. I norske farvatn finn me seksten artar, mellom dei kveite og raudspette.
Flyndrene er kanskje den fiskeordenen som er enklast å kjenna att. Fiskane i gruppa er flattrykt frå sidene, og ligg sidelengs på botnen. Begge augo sit på sida som vender opp, noko som gjev dei ein særs asymmetrisk utsjånad.
[endre] Kjenneteikn
Flyndrelarver er opphavleg bilateralsymmetriske, men under utviklinga frå larve til vaksen flyttar det eine auga seg frå den eine sida til den andre. Om det er den venstre eller den høgre sida som vender opp varierar frå familie til familie.
Oversidan på ei flyndre er som regel kamuflasjefarga og svakt avrunda. Undersida er flat og nesten alltid kvit. Augo sit høgare enn resten av kroppen, noko som gjer at fiskane i denne gruppa kan halda oppsyn med kva som skjer rundt dei sjølv når dei ligg nedgrevne i sand.