Flatraket
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flatraket er ei lita bygd i Selje kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg omlag 16 km aust for Måløy og ca 30 km frå Selje sentrum. Frå bygda ser ein ut mot Stad (Stadlandet). Tradisjonelt har fiske og landbruk vore viktigaste næringsvegane på Flatraket. Dei seinaste åra har AS Fiskevegn vore den største arbeidsplassen. Bygda har eigen skule, barnehage og butikk.
Om ein køyrer med bil frå Flatraket mot Selje vil vegen gå gjennom desse bygdene / stadene:
- Håvik
- Nordpoll
- Kvernevika
- Vetrhus
- Venøy
- Barmsund (der det går ferje over til Barmen)
- Flister
- Rundereim
- Moldestad
- Moldefjorden
- Eide
- Selje