Eskimoar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eskimo er eit omgrep brukt om urfolk frå polarområda nord i Amerika, lengst aust i Russland og på Grønland. Det kan anten visa til alle folka som tradisjonelt heldt til i desse områda og snakkar eskimoisk-aleutiske språk, eller berre til inuittar som kjem frå Grønland og Nord-Amerika og talar inuittspråk. Namnet 'eskimo' blir ikkje brukt av nokre av desse folka for å skildra seg sjølve.