Esandsjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esandsjøen | |
---|---|
Stad | Tydal (Sør-Trøndelag) |
Esandsjøen (Essandsjøen, Essand, samisk Saantenjaevrie) var ein innsjø i Sylan i Tydal kommune i Sør-Trøndelag. Esandsjøen vart regulert av Trondheim Energiverk ved at ein demning vart bygd i Esna i perioden 1941-1947. Etter at Nesjødammen vart bygd, vart Esandsjøen ein del av Nesjøen. I dag vert Esandsjøen nytta som namn på den nordlege delen av Nesjøen.
Neddemminga førte til at viktige kulturminne som karolinargravene frå sommaren 1719 og deler av plantefredingsområdet frå 1917 vart lagt under vatn.