Ernst Sars
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Ernst Welhaven Sars (fødd 1835 i Florø, død 1917) var ein norsk historikar og politikar. I 1870 fekk han universitetsstipendiat, og i 1874 vart han professor ved Det kongelige Frederiks Universitet i Kristiania.
Det mest kjende verket hans er Udsigt over den norske historie, som kom i fire band mellom 1873 og 1891. Bøkene fekk ein viktig posisjon då nasjonalstaten Noreg skulle etablerast. Sars trakk fram dei lange linene i ei samanhengjande norsk historie frå vikingtida til på 1800-talet.
Eit anna viktig verk var Norges politiske historie 1814-1885, som kom ut i åra mellom 1899 og 1904.
Sars var ein av sjefsideologane i partiet Venstre i den nasjonale reisingstida før unionsoppløysinga i 1905.
[endre] Familie
Foreldra til Ernst Sars var Michael Sars og Maren Cathrine Welhaven Sars. Mora var syster av diktaren Johan Sebastian Welhaven. Under prestetida i Florø fekk ekteparet Sars sønene Ernst og Georg Ossian Sars. Dei hadde 18 andre sysken, men havforskaren G. O. Sars og historikaren Ernst Sars er dei mest kjende av syskna.