Ernest Shackleton
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ernest Henry Shackleton (15. februar 1874–5. januar 1922) fødd i Kilkea, County Kildare i Irland, død 5. januar 1922 i Grytviken på Sør-Georgia) var ein britisk polarforskar med irsk bakgrunn.
Han vart mest kjend for Antarktis-ferda frå 1914 til 1916 som han leia. Ekspedisjonsskipet ”Endurance” (bygd i Sandefjord i 1912) vart knust av isen. Shackleton reiste til Sør-Georgia med ein liten båt, der han fekk henta hjelp. Han fekk hjarteinfarkt og døydde i Grytviken på si fjerde ferd til Antarktis.
Flytypen Avro Shackleton er oppkalla etter han.