Epoch
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I astronomi er epoch eit augneblunk i tid der himmelkoordinatane eller baneelementa er spesifisert. For himmelkoordinatane er posisjonen ved andre utrekna ved å sjå på presesjon og eigenrørsle. For baneelement er det naudsynt å ta hensyn til avvik/påverknader av andre lekamar for å rekne ut baneelement for ei anna tid.
Epoch-standarden nytta no er J2000.0 som er 1. januar 2000 klokka 12.00 jordtid (jordtid blir au kalla terrestrisk tid, TT). Bokstaven 'J' visar at typen epoch er juliansk epoch. Den forrige epoch-standarden var B1950.0, der 'B'-en står for besseliansk epoch.
Etter 1984 er juliansk epoch i bruk, tidligere var det besseliansk.
- Henry Draper-katalogen brukar B1900.0
Epoch for baneelement er vanlegvis gitt i jordtid (TT), i fleire format, t.d.:
- Gregoriansk dato med 24-timars klokke: 1. jan. 2000, 12:00 TT
- Gregoriansk dato med døgnet i talbrøk: Jan. 1,5 2000 TT
- Juliansk dag med døgn i talbrøk: JDT 2451545,0
- NASA/NORADs Tolinjeelementsformat med døgn i talbrøk: 00001,50000000