Engavatnet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engavatnet | |
---|---|
Stad | Brønnøy (Nordland) |
Høgd over havet | ca 70 moh |
Engavatnet er ein innsjø som ligg i Brønnøy kommune i Nordland. Innsjøen er kjend for å vere særs lunefull, og med ujamne mellomrom forsvinn han heilt. Sist sjøen forsvann var i 2000, men det er òg registrert at han har forsvunne i 1957, 1974 og 1997. Spesielle grunnforhold og grottesystemer under innsjøen skal vere årsaka til at innsjøen forsvinn når grunnvassnivået er lågt. Vatnet er gjerne tilbake i innsjøen etter å ha vore borte eit par veker.
I botn av Engavatnet er det eit hol som er bunde til eit grottesystem. Dette holet vert vanlegvis tetta igjen av leire, men når grunnvasspegelen søkk kan denne «proppen» kollapse, og vatnet forsvinn. I 1997 skjedde dette så fort at fisk vart liggande på botn. Vanligvis følgjer fisken med vatnet ned i grottene, og kjem tilbake i Engavatnet etter ein periode med nedbør, når vasstanden igjen er normal.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Engavatnet» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: