Emba
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emba | ||
Utspring | Mugodzjarfjella | |
Munning | Kaspihavet | |
Land i nedslagsfelt | Kasakhstan | |
Lengd | 712 km | |
Nedslagsfelt | 40 400 km² |
Emba (kasakhisk Zjem) er ei elv vest i Kasakhstan med ei lengd på 712 km. Ho har utspringet sitt i Mugodzjarfjella og renn sørvestover og ut i Kaspihavet. Ho renn nord for Ust-Urt-platået og når Kaspihavet gjennom ei rekkje grunne lagunar, som var farbare på 1700-talet. Dei nedre delane av elva renn gjennom saltdomar og dei petroleumsrike Embafelta. Somme reknar elva som grensa mellom Asia og Europa, eit forslag som først vart lagt fram av Philip Johan von Strahlenberg.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Emba River» frå Engelsk Wikipedia, og «Эмба (река)» frå Russisk Wikipedia den 13. januar 2008.