Elva Oise
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oise | ||
|
||
Utspring | Hainaut | |
- Høgd | 309 m | |
Munning | Seinen | |
Land i nedslagsfelt | Frankrike, Belgia | |
Lengd | 302 km | |
Middelvassføring | 110 m³/s | |
Nedslagsfelt | 17 000 km² |
Oise er ei elv i Belgia og Frankrike, og ei av sideelvane til Seinen frå høgre med ei total lengd på 302 km. Ho har sitt utspring i den belgiske provinsen Hainaut, sør for landsbyen Chimay. Ho kryssar grensa til Frankrike etter om lag 20 km og munnar ut i Seinen i Conflans-Sainte-Honorine, nær Paris. Den største sideelva hennar er Aisne.
Innhaldsliste |
[endre] Busetnadar langs elva
Oise renn gjennom følgjande département og landsbyar i Frankrike:
- Aisne: Hirson, Guise, Chauny
- Oise (kalla opp etter elva): Noyon, Compiègne, Creil
- Val-d'Oise (kalla opp etter elva): Auvers-sur-Oise, Pontoise, Cergy, Jouy-le-Moutier
- Yvelines: Conflans-Sainte-Honorine
[endre] Skipsfart
Oise har lenge spelt ei viktig rolle i innlands skipsfart. Ho vil verte ein enno viktigare vassveg når kanalen Seine-Nord vert ferdig, som knyttar Oise opp til det store kanalsystemet i Nord-Frankrike. Seine-Nord vil erstatte den gamle Canal de Saint Quentin og den noverande Canal du Nord, som har kapasitet som er langt under standard. Når den nye Seine-Nord-kanalen er ferdig vil større fartøy kunne transportere varer mellom elva Seinen (og Paris-området) og hamnene i Dunkerque, Antwerpen og Rotterdam, eller lenger inn i andre delar av Europa.
Sjølv i dag er Oise kanalisert for å ta store fartøy, men tørke og den frie høgda under bruene avgrenser kapasiteten. Dei sju slusene (i tillegg til to i kanalen frå Oise) kan ta fartøy på 110 gonger 11,45 meter gjennom elva og kanalen til Pont l'Évêque, der ho går ut i Canal du Nord. Lenger opp i elva frå Pont l'Évêque, ligg det ein kanal som har kapasitet avgrensa til Freycinet-standarden (38 x 5 meters).
[endre] Sideelvar
[endre] Høgre side
- Noirieu
- Divette
- Matz (eller Mas)
- Aronde
- Brèche
- Thérain
[endre] Venstre side
- Gland
- Thon
- Serre
- Ru de Servais
- Aisne
- Automne
- Nonette
- Thève
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Oise River frå Engelsk Wikipedia .