Elva Narva
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Narva | ||
|
||
Utspring | Peipus | |
- Høgd | 30 m | |
Munning | Finskebukta | |
Land i nedslagsfelt | Russland, Estland | |
Lengd | 77 km | |
Middelvassføring | 400 m³/s | |
Nedslagsfelt | 53 000 km² |
Narva eller Narova er ei elv som renn langs grensa mellom Estland og Russland. Ho har sitt utspring frå innsjøen Peipus, og renn gjennom byane Narva/Ivangorod og Narva-Jõesuu, og ut i Narvabukta, som er ein del av Finskebukta i Austersjøen. Narvareservoaret er ein kunstig innsjø (191 km²), som vart oppretta i 1956. Lengda på elva er 77 km, og har ei gjennomsnittleg breidd på 300 meter og eit djup på 5 meter. Den største sideelva hennar er Pljussa.
Elva har gjeve namn til Narva-kulturen.