Dvergspett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dvergspett |
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | piciformes | |
Underorden: | — | |
Familie: | Picidae | |
Slekt: | Dendrocopos | |
Art: | D. minor | |
Vitskapleg namn | ||
Dendrocopos minor |
Dvergspetten (Dendrocopos minor) er ein liten fugl i spettefamilien som lever i den palearktiske regionen. Der finst fleire underartar av dvergspetten. I Noreg er han lista på norsk raudliste 2006 i kategorien sårbar (VU).
[endre] Skildring
Dvergspetten kan vera vanskeleg å få auge på, grunna hans foretrukke tilhaldssted i tretoppane, og storleiken på fuglen (omlag 16 cm). Han er merkbart mindre enn andre svart-kvit spettar i Noreg. I fjørdrakta skil han seg frå kvitryggspetten ved at den kvite bakryggen er tverrsptripa i svart, og at undersida er kvit med bruntonar. Hannen har raud isse, mens hoa har kvit. Nebbet og føtene er grå-svarte.
[endre] Atferd
Habitatet til dvergspetten liknar flaggspettens, og han har den same nesten treangulære bolleaktige formen når han flyg frå tre til tre. Han er vanleg i lauv- og blandingsskog i heile landet, utanom på Vestlandet, der han er sjelden. Lokketona hans er eit "kikk" som er lågare enn dei større spettane, men likevel høgt til å vera frå ein såpass liten fugl. Når dvergspetten blir opphissa kan han gi frå seg fleire "kirekk", som liknar flaggspettens og kvitryggspettens rop. I forplantingstida, og av og til om hausten, kan han gi frå seg eit vendehalsliknande "ki-ki-ki-ki". Med trening kan ein skilla den viebrerande klangen i songen hans frå dei større spettane. Han bruker òg tørre greiner til å tromma på.
Dvergspetten jaktar på same måte som flaggspetten, ved å hakka laus ròten bork og treverk for å komma fram til insektslarvar, som er hovuddietten hans gjennom vinteren. Om sommaren fôrar han kjuklingane sine med insekt/insektslarvar og edderkoppar. Om nettene søv dvergspettane i hòl i trea.
Sponrester kan vera ein indikasjon på reirplass, for dvergspetten er ikkje så nøye på å fjerna flis og spon når han lager hòl i trea. Hòla er forholdsvis høgt over bakken, opptil 10-13 m., og blir som regel hakka ut i lauvtre, ofte bjørk. Diameteren på hòla er omlag 3-4 cm, og i mai-juni legg hoa 4-6 kvite egg på eit underlag av laushakka flis. Etter at begge foreldra har delt på å ruga på egga klekker etter omlag 11 dager, og halder seg i reiret i 18-21 dagar til før dei flyg ut.
Dvergspetten er ein stand- og streiffugl.
[endre] Kjelder
- Hafton, Svein: Våre fugler (1993). NKS-forlaget. ISBN: 82-508-0934-3
- Norsk Raudliste 2006, 8MB