Drue
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Drue er ein frukt. Druer kan vera grøne, blå eller lilla.
Ein kan eta druer rå som søt frukt, i tørka form som rosiner, og laga saft eller jus av dei. Druer er likevel mest brukte i gjæra form, som vin. Druesaft blir òg mykje brukt som naturleg søtingsmiddel i jus av anna frukt.
Rundt halvparten av all frukt som blir dyrka i verda, er druer. Det finst fleire arter av dei som alle tilhøyrer familien Vitaceae. Ulike druesortar egner seg best til å etast direkte, eller til å laga ulike typar vin.
Drueplanten likar seg best i sokalla "dårleg" jordsmun, med mykje kalk og stein. Solvende skråningar ned mot elvar er ideelle for druedyrking. Dette gjev plantane rik tilgong til fukt, og dobbelt opp med sol.
[endre] Nokre artar
- Vitis vinifera, den europeiske vindrua.
- Vitis labrusca, nordamerikansk bord- og druesaft, av og til nytta til vin. Vert dyrka aust i USA.
- Vitis riparia, frå Nord-Amerika, vert dyrka i austlege delar av USA.
- Vitis rotundifolia, vert nytta til gele og av og til vin. Vert dyrka i det sørlege USA og ved Mexicogolfen.
- Vitis aestivalis, sommarvin, sorten 'Norton' vert nytta til vin, vert dyrka i det austlege USA.
- Vitis vulpina, vert dyrka i det austlege USA
- Vitis californica er viktig for den kaliforniske vinindustrien fordi den er motstandsdyktig mot vinlus og tåler klimaet.