Det bahrainske flagget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det bahrainske flagget er raudt og kvitt med eit sikksakkmønster med fem spisse vinklar som skilje mellom fargene. Flagget fekk den noverande forma i 2002, tidlegare var det fleire spissar men vart endra for å symbolisere dei fem søylene i islam.
Den raude fargen symboliserer den muslimske gruppa kharijitar. Det eldste kjende flagget frå Bahrain var heilt raudt. Det kvite feltet kom til som ei stripe på 1800-talet under britisk press, som teikn på at Bahrain hadde inngått forbund om å gjere slutt på angrep på andre lands skipsfart. Trekantspissane blei lagt til for å skilja flagget til Bahrain frå flagga til nabostatane.
Bahrain sitt flagg blir nytta i uendra form som nasjonalflagg på land, handelsflagg, statsflagg og orlogsflagg.
[endre] Kongeflagg
Bahrain sitt kongeflagg vart innført i forbinding med at landet i 2002 endra status frå emirat til kongedømme. Flagget er basert på nasjonalflagget, men har to kvite striper langs øvre og nedre kant, i tillegg også ein kongekrone i gult i øvre felt.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Bahrain Flag fra Ministry of Information
[endre] Kjelder
- Album des pavillons nationaux et des marques distinctives. National flags and distinctive markings, Service hydrographique et océanographique de la marine, Brest, 2000
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Flag of Bahrain frå Engelsk Wikipedia .