Dei nordungarske mellomfjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei nordungarske mellomfjella eller Dei nordlege åsane (ungarsk Északi-középhegység) er dei nordlege, fjellkledde områda av Ungarn. Fjella glir over i Mátra-Slanec-området på andre sida av grensa i Slovakia. Dei dannar eit separat geomorfologisk område i Dei indre Vest-Karpatane. Fjellkjeda går over Nordaust-Ungarn og langs den austlege delen av grensa mellom Ungarn og Slovakia i eit breidt belte frå Donausvingen til byen Prešov.
Innhaldsliste |
[endre] Underinndeling
Området er igjen vidare delt inn:
[endre] Skildring
Dei nordungarske fjella byrjar med fjellkjeda Börzsöny, ved Donausvingen, der ho møter Dei transdanubiske mellomfjella. Börzsöny dekkjer eit område på om lag 600 km² og har hovudsakleg vulkansk opphav. Den høgaste toppen her er Csóványos på 938 moh.
Den neste fjellkjeda mot aust er Cserhát med same bergartar som Börzsöny. Dette er den lågaste delen av Dei nordungarske mellomfjella og er meir eit åslendt område. Det høgaste punktet her er Teke på 566 moh.
Kékes, det høgaste fjellet i landet med 1 014 meter over havet, ligg i den neste kjeda, Mátra. Middelhøgda til fjellkjeda er derimot berre 600 m. Mátra har óg vulkansk opphav.
Bükk er ei kalksteinskjede og er den høgaste fjellkjeda ut frå middelhøgd i Ungarn. Han har mange grotter, og nokre av dei var busett av menneske i førhistorisk tid.
Aggtelek Karst er ei låg (300-500) kjede forholdsvis nær grensa til Slovakia. Her ligg mellom anna grotta Baradla, den mest populære grotta i Ungarn.
Zemplén har vulkansk opphav og jordsmonnet her er svært gunstig for vindyrking.
[endre] Naturressursar
[endre] Nasjonalparkar
- Aggtelek nasjonalpark (oppretta i 1985)
- Bükk nasjonalpark (oppretta i 1976)
- Duna-Ipoly nasjonalpark (oppretta i 1997)
[endre] Verna område
- Hollókő (sidan 1977)
- Aust-Cserhát (sidan 1989)
- Karancs-Medves (sidan 1989)
- Mátra (sidan 1985)
- Tarnavidék (sidan 1993)
- Lázbérc (sidan 1975)
- Tokaj-Bodrogzug (sidan 1986)
- Zemplén (sidan 1984)
[endre] Sjå óg
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Northern Medium Mountains (Hungary) frå Engelsk Wikipedia .