Dei lepontinske Alpane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei lepontinske Alpane | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | Monte Leone - 3 552 moh | |
Ligg i/på | Italia, Sveits | |
Fjellkjede | Dei sentrale Alpane | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Dei lepontinske Alpane (fransk Alpes lépontines, tysk Lepontinische Alpen, italiensk Alpi Lepontine) er ei fjellkjede sentralt i Alpane. Ho ligg i Sveits (Valais, Ticino og Graubünden) og Italia (Piemonte). Furkapasset, St. Gotthard-passet og den øvre Rhônedalen ligg mellom fjellkjeda og Bernalpane. På andre sida av Rhônedalen ligg Urneralpane, medan Simplonpasset ligg mellom fjellkjeda og Wallis-Alpane. Vorderrheindalen og Oberalppasset ligg mellom fjella og Glarneralpane. På andre sida av Splügenpasset ligg Dei sentrale Alpane (Oberhalbsteinfjella).
Vatn Dei lepontinske Alpane renn ned via elvane Rhône i vest, Reuss i nord, Rhinen (Vorderrhein og Hinterrhein) i aust og Ticino og Toce i sør.
Simplontunnelen, som går frå Brig til Domodossola, St. Gotthard-tunnelen (frå Andermatt til Airolo) og San Bernardino-tunnelen er viktige transportårer.
Den austlege delen av Dei lepontinske Alpane frå St. Gotthard-passet til Splügenpasset vert stundom kalla Adula-Alpane.
[endre] Fjelltoppar
Dei største fjelltoppane i Dei lepontinske Alpane er:
Namn | Høgd |
---|---|
Monte Leone | 3 561 |
Rheinwaldhorn | 3 402 |
Guferhorn | 3 393 |
Blindenhorn | 3 384 |
Basodino | 3 276 |
Tambohorn | 3 276 |
Helsenhorn | 3 274 |
Wasenhorn | 3 255 |
Ofenhorn | 3 242 |
Cherbadung | 3 213 |
Piz Medel | 3 203 |
Scopi | 3 200 |
Pizzo Rotondo | 3 197 |
Pizzo dei Piani | 3 158 |
Piz Terri | 3 151 |
Piz Aul | 3 124 |
Pizzo di Pesciora | 3 123 |
Wyttenwasserstock | 3 084 |
Campo Tencia | 3 075 |
Leckihorn | 3 069 |
Bruschghorn | 3 054 |
Alperschellihorn | 3 045 |
Piz Blas | 3 023 |
Monte Giove | 3 010 |
Pizzo Centrale | 3 003 |
Pizzas d'Annarosa | 3 002 |
Piz Beverin | 3 000 |
Weisshorn i Splugen | 2 992 |
Pizzo Lucendro | 2 959 |
Piz Tomul | 2 949 |
Piz Cavel | 2 944 |
Barenhorn | 2 932 |
Seks Madun | 2 932 |
Piz Muraun | 2 899 |
Zervreilerhorn | 2 898 |
Monte Cistella | 2 851 |
Piz Lukmanier | 2 778 |
Monte Prosa | 2 738 |
Pizzo Columbe | 2 549 |
Monte Camoghe | 2 226 |
Piz Mundaun | 2 065 |
Monte Generoso | 1 704 |
Monte San Salvatore | 916 |
[endre] Fjellovergangar
Dei viktigaste fjellovergangane i Dei lepontinske Alpane er:
Fjellovergang | Stad | Type | Høgd (m) |
---|---|---|---|
Zapportpasset | Hinterrhein til Malvaglia og Biasca | snø | 3 079 |
Guferlücke | Canaltal til Lentatal (nær Vals i Sveits) | snø | 2 980 |
Lentalücke | Hinterrhein til Vals | snø | 2 954 |
Hohsandpasset | Binn til La Frua (Toce-fossane) | snø | 2 927 |
Leckipasset | Realp til Oberwald i Valais | snø | 2 912 |
Passo Rotondo | Airolo til Oberwald | snø | 2 880 |
Kaltwasserpasset | Simplon Hospice til Alpe Veglia | snø | 2 844 |
Scaradrapasset | Vals til Olivone | sti | 2 770 |
Satteltelücke | Vals til Vrin | sti | 2 768 |
Ritterpasset | Binn til Alpe Veglia | snø | 2 692 |
Cavannapasset | Realp til Bedretto | snø | 2 611 |
Scatta Minoja | Devero til Formazza | ridesti | 2 597 |
Bocca di Cadlimo | Airolo til Lukmanierpasset | sti | 2 542 |
Valserberg | Hinterrhein til Vals | ridesti | 2 507 |
Safierberg | Splügen til Safien | ridesti | 2 490 |
Nufenenpasset | Ulrichen til Airolo | veg | 2 478 |
Geisspfadpasset | Binn til Devero | sti | 2 475 |
Griespasset | Ulrichen til La Frua | ridesti | 2 468 |
Passo di Naret | Fusio til Airolo | ridesti | 2 443 |
Passo Valtendra | Alpe Veglia til Devero og Baceno | ridesti | 2 431 |
Diesrutpasset | Vrin til Somvix | ridesti | 2 424 |
Albrunpasset | Binn til Devero og Baceno | ridesti | 2 410 |
Greinapasset | Olivone til Somvix | ridesti | 2 360 |
San Giacomopasset | Airolo til La Frua | ridesti | 2 308 |
Passo di Buffalora | Mesocco til Val Calanca | sti | 2 265 |
Passo dell'Uomo | Quinto i Sveits til Lukmanierpasset | ridesti | 2 212 |
Splügenpasset | Thusis til Chiavenna | veg | 2 117 |
St. Gotthard-passet | Andermatt til Airolo | veg | 2 114 |
San Bernardino-passet | Thusis til Bellinzona | veg | 2 063 |
Lukmanierpasset | Disentis til Olivone | veg | 1 917 |
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lepontine Alps frå Engelsk Wikipedia .