Chiers
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiers | ||
|
||
Utspring | Sørleg delar av Luxembourg | |
- Høgd | ca. 350 m | |
Munning | Maas | |
Land i nedslagsfelt | Frankrike, Belgia, Luxembourg | |
Lengd | 112 km | |
Nedslagsfelt | 2 222 km² |
Chiers (på fransk, luxembourgsk: Kuer, tysk: Korn) er ei elv som renn gjennom Luxembourg, Belgia og Frankrike. Ho er ei av sideelvene til elva Maas frå høgre, med ei totallengd på 112 km.
Ho har sitt utspring nær Differdange i Luxembourg. Chiers renn hovudsakleg vestover, og kryssar grensa til Frankrike, og renn så gjennom Longwy og Longuyon (Meurthe-et-Moselle département). Ho dannar her grense med Belgia eit par kilometer nær Torgny. Ho held fram gjennom Frankrike, langs Montmédy (Meuse département) og Carignan (Ardennes département). Til slutt munnar Chiers ut i elva Maas (Meuse) i Bazeilles, nær Sedan.