Chiapas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chiapas er den søraustlegaste delstaten i Mexico, og grensar til Oaxaca i vest, Veracruz i nordvest, Tabasco i nord og Guatemala i øst. Mot sørvest ligg Stillehavet. Arealet er på 73 211 km², omlag som Troms og Finnmark til saman. Tuxtla Gutiérrez er hovudstad, mens San Cristóbal de las Casas kanskje er den mest kjende byen. Tapachula er den viktigaste byen på kystsletta.