Camilla Collett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Camilla Collett (fødd Wergeland) (fødd 23. januar 1813 i Kristiansand, død 6. mars 1895 i Oslo), kjend som forfattar og kvinnesakskjempar. Dotter av Nicolai Wergeland og hustru Alethe Dorothea Wergeland, fødd Thaulow. Søster av Henrik Wergeland.
Ho er spesielt kjend for gjennombrotsboka Amtmandens Døttre som kom ut i to delar i 1854 og 1855. Dette var den første realistiske tendensroman i norsk litteratur. Dette vart óg den einaste romanen Camilla Collett skreiv. Første delen av boka vart gjeven ut anonymt, men den vart snart allment kjend som hennar verk.
Ho var gift med politikar, litteraturkritikar, jurist og professor Peter Jonas Collett i 1841. Han døydde i 1851. Enkepensjonen var beskjeden og Camilla sat att med fire små søner. Ho måtte selje huset og greidde aldri å skape ein ny heim. De tre eldste vaks opp hjå slektningar, medan den yngste var med på utallige flyttelass. Ho sleit med økonomiske problem resten av livet.
[endre] Bibliografi
- Amtmandens Døttre (roman) 1854–55, omarb. utg. 1860 og 1879
- Fortællinger (kortprosa) 1860
- I de lange Nætter (dagbok) 1860
- Sidste Blade I–III (artikler) 1868–73
- Fra de Stummes Leir (artikler) 1877
- Mod Strømmen I–II (artikler) 1879–85
- Skrifter I–X (samlede verker) 1892–93
- Dagbøker og breve (m/Peter Jonas Collett) 1926–34