Bytom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hovudplassen | |||||
|
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
|
|||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
![]() Schlesiske voivodskap |
||||
Grunnlagd Byrettar |
1100-talet 1254 |
||||
Borgarmeister | Piotr Koj | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
69,43 km² |
||||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
188 234 2711/km² 3 487 000 |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 249-330 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 41-900 til 41-936 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 32 | ||||
Bilnummer | SY | ||||
Nettstad: www.um.bytom.pl |
Bytom (tysk Beuthen) er ein by sør i Polen med om lag 190 000 innbyggjarar. Sidan 1999 har han vore ein del av Schlesiske voivodskap og tidlegare i Katowice voivodskap (1975-1998). Bytom er ein av dei største byane i Øvre Schlesien storbyområde med nesten 3,5 millionar innbyggjarar.
[endre] Historie
Bytom er ein av dei eldste byane i Øvre Schlesien og vart kjend som Bitom i 1136 og Beuthen i 1450. Han fekk byrettar i 1254 og låg strategisk til ved eit vegkryss. I 1259 vart han plyndra av mongolar.
Bytom høyrte opphavleg til Kongedømet Polen og så setet for det slaviske hertugdømet Bytom frå 1281-1355. Han var styrt av Kongedømet Böhmen i 1289. Etter at tyske nybyggjarar kom til området vart han gradvis germanisert. Han kom under Habsburgmonarkiet i Austerrike i 1526, og byen vart i enno større grad påverka av det tyske språket. Byen vart ein del av Kongedømet Preussen i 1742 under dei schlesiske krigane og så ein del av Det tyske keisardømet i 1871. I 1945 vart han overført til Polen etter Potsdamerkonferansen. Den tyske folkesetnaden vart stort sett drive bort av polske og sovjetiske styrkar, og erstatta av polakkar.
Bytom er ein typisk postindustriell by. Dei fleste kolgruvene som fanst rundt byen er i dag stengd, medan stålindustrien sakte forsvinn. Byen kjempar for å klare ei forvandling frå industribasert til tenesteytande næringar. Bytom samarbeidar med to byar med meir eller mindre same problema, Recklinghausen i Tyskland og Butte-Silver Bow i USA. Byen har stor arbeidsløys, særleg i den fattigast bydelen Bobrek.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Bytom» frå Engelsk Wikipedia, den 15. juni 2008.