Brokkoli
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brokkoli, eller aspargeskål som somme kallar han, er ein kålplante som kjem frå Italia.
Brokkoli vert dyrka i Noreg, men om vinteren er me avhengige av import frå utlandet. Næraste slektning er blomkål. Brokkoli er rik på jern, A- og B-vitamin, og har dobbelt so mykje C-vitamin som appelsin. Brokkoli bør lagrast kaldt, 0-2 grader celsius, og pakka i plast. Han egnar seg godt til nedfrysing, men bør då forvellast først.