Bjørnefjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For fjorden i Hordaland sjå Bjørnafjorden
Bjørnefjorden er ein liten fjordarm av Sognesjøen og Sognefjorden på Steinsundøyna i Solund kommune.
Fjorden har innløp ved Guleskjeret mellom Steinsneset og Klubbevika og strekk seg 3 km nordover. Det er ingen busetnader langs fjorden, men fylkseveg 606 går langs den indre, nordlege delen av fjorden like vest for Hardbakke, kommunesenteret i Solund.