Bijagós-øyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bijagós-øyane er ei gruppe med atten store og fleire dusin små øyar i Atlanterhavet. Dei er ein del av Guinea-Bissau. Før kolonitida var dei sentrale i handelen langs Vest-Afrika, og hadde ein sterk flåte. Dei slo difor portugisarane attende, då dei i 1535 forsøkte å hærta øyane. Dei blei ikkje erobra før i 1936.
I dag er dei sørlege øyane naturreservat, mens øyane Bubaque, Bolama og Caravela har dei største busetnadene og er mest vitja av turistar. Heile øygruppa er erklært som Biosphere Reserve av UNESCO.
[endre] Kjelder
- Bissagos Islands på engelsk Wikipedia, vitja 3. juli 2007.
- Boloma Bijagós Biosphere Reserve