Bennie Moten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bennie Moten eig. Benjamin Moten (13. november 1894 - 2. april 1935), fødd i Kansas City i Missouri, var ein amerikansk pianist og orkesterleiar.
Moten leia Bennie Moten's Kansas City Orchestra. Orkesteret turnerte over heile USA og hadde ein hit med låta South på plateselskapet Victor i 1928.
I 1929 byrja Count Basie og andre musikarar i orkesteret. Etter Bennie Moten sin død tok Basie over orkesteret.