Ariel Sharon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ariel Sharon (אריאל שרון, alternative transkripsjonar Scharon og Sjaron), er ein israelsk general og politikar. Han vart fødd som Ariel Scheinermann 27. februar 1928 i Kfar Malal, som son av ein polsk-tysk far og ei russisk mor, Frå 2001 var han statsminister i Israel, og etterfylgde då Ehud Barak. Sharon representerte fram til november 2005 høgrepartiet Likud, då han braut ut og stifta partiet Kadima. Den 4. januar 2006 vart Sharon utsett for eit hjerneslag. Ehud Olmert vart då fungerande statsminister. Den 11. april same året vart Sharon erklært permanent ufør, og Olmert tok formelt over som statsminister.