Anguilla
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Status | Britisk oversjøisk territorium | ||||
Sjefsminister | Osbourne Fleming | ||||
Hovudstad | The Valley | ||||
Offisielt språk | Engelsk | ||||
Areal - % vatn |
102 km² ubetydeleg |
||||
Folketal - totalt |
ca. 13 477 (2006) |
||||
Verdsdel | Sør-Amerika (Karibia) | ||||
Internet-domene | .ai | ||||
Tidssone | UTC -4 | ||||
Internasjonal telefonkode | +1-264 | ||||
Nasjonalsong | God bless Anguilla |
Anguilla er ei øy i Karibia som er eit britisk oversjøisk territorium. I tillegg til sjølve øya Anguilla omfattar territoriet òg fleire mykje mindre, ubygde øyar. Arealet er 102 km² og folketalet 13 500 (2006). Den næraste naboøya er den delt fransk-nederlandske øya Saint-Martin.
Øya vart først busett av indianarar frå Sør-Amerika. Nokon seier at Christopher Columbus såg øya i 1493, men dei første europearane som heilt sikkert vitja øya var franskmenn i 1564 eller 1565. Øya vart først kolonisert av engelske nybyggjarar frå Saint Kitts i 1650. Det vart gjort forsøk på å utvikla ein slaveribasert plantasjeøkonomi på øya, men dette vart aldri særleg vellukka grunna jordsmonnet og klimaet på øya. Då Storbritannia avskaffa slaveriet i 1830-åra forlet mange plantasjeeigarar øya. Mesteparten av folkesetnaden som vart igjen var fiskarar og bønder av afrikansk opphav.
Tidleg på 1800-talet vart øya administrativt slått saman med Saint Kitts og Nevis. Misnøye med å bli administrert frå Saint Kitts slo ut i ope opprør i 1967. Då fekk kolonien Saint Kitts-Nevis-Anguilla utstrakt indre sjølvstyre frå Storbritannia. 30. mai 1967 vart det sanktkittiske politiet kasta ut frå øya, som erklært seg lausriven frå Saint Kitts og Nevis. Forhandlingar med britane førte ikkje til noka løysing og i februar 1969 erklærte øya seg som ein sjølvstendig republikk. Ikkje lenge etterpå intervenerte britiske troppar og politi, offisielt for å "gjenoppretta orden". I 1971 kom ein fram til ein avtale som i praksis separerte Anguilla frå Saint Kitts og Nevis. Separasjonen vart formalisert 19. desember 1980, då Anguilla vart eit eige britisk territorium. Medan Saint Kitts og Nevis fekk fullt sjølvstende i 1983 er Anguilla framleis eit britisk område.