Alkmaar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alkmaar | |||||
Kanal i Alkmaar | |||||
|
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Noord-Holland |
||||
Borgarmeister | Piet Bruinooge | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
31,22 km² 29,51 km² 1,71 km² |
||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
93 926 3 183/km² |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.alkmaar.nl |
Alkmaar (vestfrisisk Alkmare) er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland med om lag 95 000 innbyggjarar
Alkmaar er kjend for den tradisjonelle ostemarknaden.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Alkmaar vart først nemnd på 900-talet og fekk byrettar i 1254. Dei eldste delane av Alkmaar ligg på ein gammal sandbanke som gav vern mot havet i mellomalderen. Resten av byen ligg berre nokre meter over havet og består av ein av dei eldste polderane som eksisterer.
I 1573 klarte byen å stå i mot ei omleiring frå spanske styrkar leia av Fernando Álvarez de Toledo av Alba. Alkmaar var den første byen i Nederland som vart frigjeve frå den spanske okkupasjonen og dette var eit vendepunkt i åttiårskrigen. Sigeren gav opphav til uttrykket Bij Alkmaar begint de victorie («Siger byrjar i Alkmaar»). Hendinga vert framleis feira kvart år den 8. oktober i byen, dagen då omleiringa enda.
I 1799, under dei franske revolusjonskrigane, erobra ein engelsk-russisk styrke byen, men vart til slutt i slaget ved Castricum. Den franske sigeren vart minna på Triumfbogen i Paris som «Alcmaer».
Noordhollandsch Kanaal opna i 1824 og vart grave gjennom Alkmaar. I 1865 vart det opna jernbanesamband mellom Alkmaar og Den Helder og i 1867 mellom Alkmaar og Haarlem.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Reiseguide for {{{2}}} frå Wikitravel
- Offisiell side
- Nederlandsk ostemuseum
- Nasjonalt ølmuseum
- Beatles-museum
- VVV / Turistkontor
- Bilete av Alkmaar
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Alkmaar» frå Engelsk Wikipedia, den 19. februar 2008.