Aksel Lund Svindal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aksel Lund Svindal (fødd 26. desember 1982 på Kjeller) er ein norsk alpinist.
Han slo i gjennom i 2003, då han mellom anna vann to NM-gull. Han deltok i VM i St. Moritz, og oppnådde ein 5. plass i storslalåm som det beste resultat sitt. Dette året fekk han òg den første pallplasseringa si i eit verdscuprenn, med 2. plass i kombinasjonen i Kitzbühl.
I VM i Bormio i Italia i 2005 deltok han i alle dei fem øvingane. Med sølv i kombinasjonen vart han den einaste nordmannen som tok medalje i meisterskapen.
27. november 2005 tok han den første verdscupsigeren sin i super-G i Lake Louise.
Han vann den totale verdscupen i sesongen 2006/2007 etter ein spennande duell mot Benjamin Raich, avgjort på siste dagen i sesongen. Etter sesongen vart han tildelt Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnavn» i Noreg[1] og Aftenpostens Gullmedalje for årets idrettsbragd[2].
Den 27. november 2007 fall han stygt under utfortrening i Beever Creek i Colorado i USA. Svindal brekte nasen og fekk kutt i ansiktet og skade i setemuskulaturen. Han vart operert på sjukehuset i Vail straks etter fallet. Det er uvisst kor lengje Svindal må halde seg borte frå trening og konkurransar[3].
På Idrettsgallaen 2008 5. januar fekk han prisane «Årets mannlige Idrettsutøver 2007» og «Utøvernes pris».
Innhaldsliste |
[endre] Merittar
[endre] VM
I VM i Bormio i Italia i 2005 deltok han i alle dei fem øvingane. Som einaste nordmann tok han medalje i meisterskapen, med sølv i kombinasjonen. I VM i Åre 2007 vart han historisk ved å bli første norske verdsmeister i utfor.
[endre] Verdscup
Aksel Lund Svindal vann den totale verdscupen i alpint 2006/2007. Han vann òg storslalåm- og kombinasjoncupane denne sesongen.
I sesongen 2005/2006 vann han Super-G-cupen, med berre to poeng meir enn Hermann Maier. Same året vart han nr. 2 samanlagt i den totale verdscupen. Pr. 25. november 2007 har han ni sigrar i verdscuprenn:
Dato | Stad | Land | Disiplin |
---|---|---|---|
27. november 2005 | Lake Louise | Canada | Super-G |
15. mars 2006 | Åre | Sverige | Utfor |
30. november 2006 | Beaver Creek | USA | Superkombinasjon |
21. desember 2006 | Hinterstoder | Austerrike | Storslalåm |
14. mars 2007 | Lenzerheide | Sveits | Utfor |
15. mars 2007 | Lenzerheide | Sveits | Super-G |
17. mars 2007 | Lenzerheide | Sveits | Storslalåm |
28. oktober 2007 | Sölden | Austerrike | Storslalåm |
25. november 2007 | Lake Louise | Canada | Super-G |
[endre] NM
Dei to første NM-gulla sine tok han i 2003. I 2006 vart han første nordmann med gull i alle disiplinane i eit NM.
- 2003: Gull i slalåm, gull i storslalåm
- 2004: Gull i slalåm, gull i super-G, sølv i storslalåm
- 2005: Gull i storslalåm, bronse i slalåm
- 2006: Gull i utfor, gull i super-G, gull i storslalåm, gull i slalåm, gull i kombinasjonen.
[endre] Tilvisingar
- ↑ Lund Svindal vant ny kåring, Dagsavisen 3. januar 2008
- ↑ Dobbelt heder til Aksel Lund Svindal, Fædrelandsvennen 24. desember 2007
- ↑ Svindal falt stygt under utfortrening, Aftenposten 27. november 2007