Akira Yoshizawa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akira Yoshizawa (14. mars 1911–14. mars 2005), japansk 吉澤 章 (Yoshizawa Akira), var ein japansk origamist som blir rekna som den som gjorde den eldgamle japanske handverkstradisjonen med papirbretting til ei moderne kunstform. Han skapte over 50 000 nye origamimodellar; berre ein del av desse blei dokumenterte i dei 18 bøkene han gav ut.