Akhaía
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akhaia Νομός Αχαΐας |
|
---|---|
|
|
Periferiar | Vest-Hellas |
Hovudstad | Patras |
Folketal | 331 316 (2005) Rangering 5. |
Areal | 3 271 km² |
Folketettleik | 101/km² |
Provinsar | 3 |
Demer | 21 |
Kommunar | 2 |
Postnummer | 25x xx - 26x xx |
Retningsnummer | 269x0, 2610 |
Bilnummer | AX |
Heimeside | www.achaia.gr |
Akhaia (gresk Ἀχαΐα) er eit prefektur i Hellas i periferien Vest-Hellas. Hovudstaden i prefekturet er Patras. Prefekturet ligg på nordkysten av Peloponnes, og strekk seg frå fjellkjedene Erymanthos og Kyllene i sør til Korintbukta i nord der fjelelt Panakhaikos (1 902 moh) ligg. Akhaia grenser i vest til prefekturet Elis, i sør til Arkadia og i aust til Korintia. Korintbukta dekkjer heile nordkysten.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Av fjell finn ein Omblos og Marathia i aust, Erymanthos sentralt, Khelmos eller Aroania i søraust, Skollis i sørvest, Movri og Mavros Oros i vest. Av elvar finn ein Larissos, Tytheos, Parapeiros og Kharadros i nordvest og Selinous og Vouraikos i aust.
[endre] Historie
I tida under Romarriket dekka provinsen Akhaia store delar av Hellas, bortsett frå Thessalia, Ipiros og Akarnania. Keisar Augustus gav Akhaia politiske fordelar og større status enn dei andre greske provinsane, sidan det låg nærare Roma enn dei andre provinsane. Etter regjeringstida til Augustus vart derimot provinsen Akhaia slått saman med provinsen Makedonia. I mellomalderen vart Akhaia ein del av Austromarriket.
På 1200-talet vart fyrstedømet Akhaia grunnlagd i Hellas etter det fjerde krosstoget. Dette vart erobra av Det osmanske riketpå midten av 1400-talet. Området vart seinare invadert av Venezia på 1500- og 1600-talet, men kom tilbake til osmanarane. I 1821 vart Akhaia ein del av Hellas under den greske sjølvstendekrigen. Dei første åra som gresk område vart Akhaia slått saman med Elis i prefekturet Akhaia-Elis fram til 1899. I 1909 vart dei igjen slått saman og først i 1936 vart dei igjen skild frå kvarandre. Området rundt Mataragka var ein del av Elis fram til 1990-åra.
Mange flyktningar kom til Akhaia under den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922.
[endre] Provinsar
[endre] Demer og kommunar
Deme | YPES-kode | Sete (om forskjellig) | Oppretta | Gjenoppretta |
---|---|---|---|---|
Aigeira | 0701 | Aigeira | - | - |
Aigio | 0702 | Aigio | - | - |
Akrata | 0703 | Akrata | - | 1997 |
Aroania | 0704 | Psofida | - | - |
Diakopto | 0706 | Diakopto | - | 1997 |
Dymi | 0707 | Kato Achaïa | - | 1997 |
Erineos | 0708 | Kamares | - | 1994 |
Farres | 0722 | Khalandritsa | - | 1997 |
Kalavryta | 0709 | Kalavryta | - | 1997 |
Larissos | 0711 | Lappa | - | 1997 |
Lefkasio | 0713 | Kleitoria | - | 1997 |
Messatida | 0714 | Ovrya | - | 1997 |
Movri | 0715 | Sageika | - | 1997 |
Olenia | 0723 | Lousika | - | 1997 |
Paion | 0716 | Dafni | - | 1997 |
Paralia | 0717 | Paralia | - | - |
Patras | 0718 | Patras | 1830 | ikkje gjennoppretta |
Rio | 0719 | Rio | - | - |
Sympoliteia | 0720 | Rododafni | - | - |
Tritaia | 0721 | Stavrodromi | 1830-1910 | 1997 |
Vrakhnaiika | 0705 | Vrakhnaiika | - | - |
Kommune | YPES-kode | Sete (om forskjellig) | Først oppretta | Gjenoppretta |
Kalentzi | 0710 | Kalentzi | - | - |
Leontio | 0712 | Leontio | - | - |
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Achaea Prefecture frå Engelsk Wikipedia .