Aix-en-Provence
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Provence-Alpes-Côte d'Azur Bouches-du-Rhône |
||
Grunnlagd | 122 fvt. | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
186,08 km² |
||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
140 100 721/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 173 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Heimeside: Offisiell nettside |
Aix-en-Provence eller berre Aix [eks] (oksitansk: Ais de Provença eller Ais de Prouvènço) er ein universitetsby og kommune som ligg sør i Frankrike, om lag 30 km nord for Marseille. Byen har i dag omlag 140 000 innbyggjarar, av dette ca. 30 000 studentar, og er sous-préfecture (administrasjonsstad) i departementet Bouches-du-Rhône i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur .
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Byen vart grunnlagd i 122 f. Kr. ved ei varm vasskjelde av den romerske konsulen Sextius Calvinus, som kalla opp staden etter seg og vatnet, Aquae Sextiae. På 300-talet hadde byen vekse til metropolen Narbonensis Secunda. I mellomalderen vart Aix hovudstaden i den tidlegare provinsen Provence. Størst var han først frå 1100-talet av, då han vart eit lærdoms- og kultursenter under husa av Aragon og Anjou.
I lag med resten av Provence, gjekk byen over til den franske krona i 1487 og i 1501 oppretta Louis XII parlamentet i Provence, som eksisterte fram til 1789.
[endre] Geografi og klima
Aix-en-Provence ligg på ei slette, der ein kan sjå utover elva Arc, omlag ein kilometer får den høgre breidda til elva. Byen stig sakte oppover frå nord til sør, og Montagne Sainte-Victoire er lett synleg i aust. Aix ligg i Sør-Frankrike og har eit varmt klima. Middeltemperaturen i januar er 5 ºC, og i juli 22 ºC. Han har i snitt 300 dagar med sol, og berre 91 med regn. Byen ligg stort sett i le for den kalde mistralvinden, men stundom fører denne vinden til sure forhold.
[endre] Kjende folk frå Aix
- Eleanor av Provence (d. 1291), dronning til Henry III av England
- Paul Cézanne (1839-1906), målar, levde og måla her
- Émile Zola (1840-1902), forfattar, vaks opp her, barndomsven av Cézanne
- Maurice Rouvier (1842-1911), politikar