Aiguille du Dru
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aiguille du Dru | ||
---|---|---|
|
||
Høgd over havet | 3 754 moh | |
Ligg i/på | Frankrike | |
Fjellkjede | Mont Blanc-massivet i Dei graiiske Alpane | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Fjelltype | Granitt | |
Førsteklatring | Clinton Thomas Dent, J. W. Hartley, Alexander Burgener og K. Maurer den 12. september 1878 |
Aiguille du Dru (òg kalla Dru eller Drus) er eit fjell i Mont Blanc-massivet i Dei franske Alpane. Fjellet har to toppar:
- Grand Aiguille du Dru (eller Grand Dru) 3 754 m og
- Petit Aiguille du Dru (eller Petit Dru) 3 733 m.
Dei to toppane ligg på vestryggen av Aiguille Verte (4 122 m) og er forbunde til kvarandre av Brèche du Dru (3 697 m).
Den første stiginga av Grand Dru var av dei britiske fjellklatrarane Clinton Thomas Dent og J. W. Hartley, i lag med guidane Alexander Burgener og K. Maurer, som klatra opp søraustsida 12. september 1878.
Petit Dru vart klatra det påfølgjande året, den 29. august 1879 av J. E. Charlet-Straton, P. Payot og F. Follignet via sørsida og sørvestryggen. Den første stiginga av begge toppane vart gjort av E. Fontaine og J. Ravanel 23. august 1901. Nordsida, ei av dei seks store nordsidene i Alpane, vart først klatra av Pierre Allain og R. Leininger 1. august 1935.
Den italienske klatraren Walter Bonatti klatra ei vanskeleg rute aleine på det sørvestlege bergfestet til Petit Dru (Bonatti Pillar) i august 1955. Denne ruta eksisterer ikkje lenger på grunn av eit store stein ras i 1997, 2003 og 2005, og merka etter raset er synleg frå Chamonixdalen.