Śniardwy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Śniardwy | |
---|---|
Stad | Dei masuriske sjøane |
Koordinatar | Koordinatar: |
Tilknytta land | Polen |
Største lengd | 22,1 km |
Største breidd | 13,4 km |
Overflateareal | 113,8 km² |
Middeldjup | 6,5 m |
Største djup | 23 m |
Høgd over havet | 117 m |
Øyar | 8 |
Śniardwy (tysk Spirdingsee) er ein av Dei masuriske sjøane i Ermelandskmasuriske voivodskap i Polen. Han er den største innsjøen i Polen med eit areal på 113,8 kvadratkilometer. Han er 22,1 km lang og 13,4 km brei. På det djupaste er han 23 meter. Det er åtte øyar i innsjøen.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Engelsk Wikipedia, den 11. mai 2008.