Zambia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: One Zambia, One Nation (Eitt Zambia, ein nasjon) |
|||||
Offisielle språk | Engelsk | ||||
Hovudstad | Lusaka | ||||
Styresett |
Republikk Levy Mwanawasa |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
752 614 km² (39.) 1,6 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (1990) - Tettleik |
11 261 795 (71.) 7 383 000 15,2/km² (163.) |
||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
24. oktober 1964 | ||||
BNP - Totalt (2003) - Per innbyggjar |
9 185 mrd. USD (160.) 883 USD (157.) |
||||
Valuta | Zambisk kwacha (ZMK) | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Stand and Sing of Zambia, Proud and Free | ||||
Nasjonaldag | 24. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +260 | ||||
Nasjonale toppdomene | .zm | ||||
Zambia er eit land i det sørlege Afrika. Landet grensar til Angola og Namibia i vest, Kongo og Tanzania i nord, Malawi og Mosambik i aust og til Zimbabwe i sør.
[endre] Provinsar
Zambia er delt inn i 9 provinsar (hovudstad står i parantes):
- Central Province (Kabwe)
- Copperbelt Province (Ndola)
- Eastern Province (Chipata)
- Luapula Province (Mansa)
- Lusaka Province (Lusaka)
- Northern Province (Kasama)
- North-Western Province (Solwezi)
- Southern Province (Livingstone)
- Western Province (Mongu)
[endre] Klima
Store delar av Zambia ligg i ei høgd mellom 900 og 1500 m over havet, og berre i Zambesidalen mot grensa av Zimbabwe har ein lågland. I låglandet har ein typisk tropisk klima der temperaturane held seg høge året rundt og med regntid frå desember til mars. Klimaet er trykkande og har eit dårleg rykte på seg på grunn av at sjukdommar som malaria og sovesjuke er utbreidd i dette området.
Dei høgareliggande områda har derimot eit meir behagleg klima og lågare temperaturar. I perioden november til februar kan derimot både temperaturen og fukta bli så pass høg at ein kan få ubehaglege forhold. Over 1500 m er det ikkje uvanleg med frost i perioden frå april til august, og det kan òg vere kjøleg på dagtid om det er skya vêr. Mykje av regnet som kjem i samband med den intertropiske konvergenssona kjem i form av kraftige torebyger, men ein kan òg ha regnvêr som varer to til tre dagar.
Ndola ligg i den våtare delen av landet og har ein normal årsnedbør på 1295 mm. Lusaka som ligg lenger sør har tørrare forhold og har 836 mm i året.
Sørlege Afrika |
Angola | Botswana | Lesotho | Malawi | Mosambik | |