Storskrymten
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Storskrymten | ||
---|---|---|
Høgd over havet | 1985 moh | |
Ligg i/på | Oppdal (Sør-Trøndelag); Sunndal (Møre og Romsdal); Lesja (Oppland) | |
Fjellkjede | Dovrefjell | |
Primærfaktor | 610 m | |
Koordinatar | Koordinatar: |
Storskrymten er eit fjell på 1 985 meter i Lesja kommune. Grensa mellom tre fylke møtest her; Oppland, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Fjellet er det høgaste i Sør-Trøndelag. Fjellet er det 206. høgaste i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter.
Fjellet er namngjete i lokal folketru, og skal ha vore bustad for «skrymt», det vil seia troll og haugfolk. Viktige, gamle ferdselsvegar mellom Møre og Lesja kryssar over ved foten av Storskrymten.