Snømann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein snømann er ein menneskeaktig figur laga av snø, ofte av store snøballar. Figuren kan lagast av berre snø, men blir ofte pynta med anna materiale, til dømes småstein og gulrot til ansiktstrekk, kvistar til hår eller armar, og anna utstyr som lue eller skjerf.