Ryukyu-språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryukyu-språka (altenativt namn: hogen) er den eine greina i den japanske språkfamilien. Den interne klassifiseringa av ryukyu-språka er det ein del usemje om, forskarane er likevel samde om at det er seks ulike ryukyu-språk. Dei blir alla snakka på Ryukyu-øyene, ei øygruppe som strekk seg frå Japan ned mot Taiwan.
[endre] Språk
- Amami , blir snakka på Amami-øyene. Talarar: 130 000
- Miyako (Miyako: myaaku hutsi) , blir snakka på: øyene i Miyako-distriktet. Talarar: 55 783
- Okinawa (Okinawa: uchinaaguchi) , blir snakka i dei sørlege og sentrale delane av Okinawa-øya og øyene rundt. Talarar: 900 000
- Kunigami , blir snakka i Yanbaru-distriktet på Okinawa-øya og på øyene rundt. Talarar: ???
- Yaeyama (Yaeyama: yaima munii) , blir snakka på øyene i Yaeyama-distriktet. Talarar: 44 650
- Yonaguni , blir snakka på Yonaguni-øya i Yaeyama-distriktet. Talarar: 1 800
Språka er relativt nært kvarandre, talarar av dei mindre språka kan også okinawa. Avstanden mellom ryukyu-språka og japansk er større enn t.d. avstanden mellom engelsk og tysk.
Etter at Ryukyu-øyene vart annektert av Japan på slutten av 1800-talet har det vorte ført ein sterk assimileringspolitikk frå Japan si side. På Okinawa-øya er det svært sjelden at ungar lærer anna enn japansk, og sjølv om okinawa er det stærste av ryukyu-språka, har det få talarar under 20 år. Også dei andre språka har få unge morsmålstalarar.
Japanske språk |
Japansk |
Ryukyu-språk: Amami | Miyako | Okinawa | Kunigami | Yaeyama | Yonaguni |