Merck & Co.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Merck & Co. er eit amerikansk konsern som produserer legemiddel og farmasøytiske produkt. Konsernet var opphavleg eit dotterselskap av det tyske legemiddelfirmaet Merck KGaA, men vart til liks med andre tyske aktiva konfiskert under fyrste verdskrig og gjort om til eit sjølvstendig amerikansk selskap. Det er i dag eitt av dei fem største legemiddelfirma i verda.