Lesotho
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mmuso wa Lesotho | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
Nasjonale motto: Khotso, Pula, Nala (fred, regn, rikdom) | |||||||
Offisielle språk | Sesotho, engelsk | ||||||
Hovudstad | Maseru | ||||||
Styresett |
Monarki Letsie III Pakalitha Mosisili |
||||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
30 355 km² (137.) Ubetydeleg |
||||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (2004) - Tettleik |
1 867 035 (143.) 1 861 959 62/km² (109.) |
||||||
Sjølvstende frå det britiske imperiet |
4. oktober 1966 | ||||||
BNP - Totalt (-) - Per innbyggjar |
5 106 millionar dollar (147.) 2.163 (136.) |
||||||
Valuta | loti | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Nasjonalsong | «Lesotho Fatse La Bontat'a Rona» | ||||||
Nasjonaldag | 4. oktober | ||||||
Internasjonal telefonkode | +266 | ||||||
Nasjonale toppdomene | .ls
|
Lesotho er eit land i det sørlege Afrika. Landet er ein enklave, eit kongedøme som er totalt omkrinsa av Sør-Afrika. Namnet tyder «landet til sothoane» og viser til det offisielle språket, sesotho. Det var tidlegare ein britisk koloni, og var kalla Basutoland. I dag er Lesotho ein del av det britiske samveldet.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Basutoland bytte namn til Kongedømet Lesotho ved sjølvstendet frå Storbritannia i 1966. Kung Moshoeshoe måtte gå i eksil frå 1990 til 1995. Under eksilet tok sonen, noverande kong Letsie III, trona. I 1993 vart ei konstitusjonell regjering oppattretta etter 23 års militærstyre. I 1998 vart eit val vart fylgt av voldsame protestar og militært opprør heldt, som leidde til at Sør-Afrika greip i ein kort, men blodig militær invasjon. Etter dette har konstitusjonen vorte reformert og det politiske leiet har vorte stabilisert. I 2002 vart eit fredleg val til parlamentet heldt.
[endre] Geografi
Lesotho er prega av fjell og høgland, og er blitt kalla «kongedømet i himmelen». Det høgaste punktet er Thabana Ntlenyana på 3482 meter.
[endre] Klima
Lesotho sitt vêr og klima er mykje det same som Highveld i Sør-Afrika, men temperaturane er mykje lågare i høgda og ein får ofte snø i fjella om vinteren. I dei lågareliggande områda er vinteren tørr og mild, men ofte med kalde netter. Sommaren er varm med litt meir nedbør og temperaturane vert sjeldan svært høge. Dei lågareliggande områda får om lag 500-600 mm nedbør i året.
[endre] Innbyggjarar
Størstedelen av lesotharane, over 99%, er basothoar, men det finst òg folk av europeisk og asiatisk opphav. Sesotho og engelsk er offisielle språk, medan mellom anna zulu og xhosa òg blir tala.
80% av folket er kristent, størstedelen katolske. I tillegg finst innfødde religionar, hinduisme og islam.
[endre] HIV/AIDS
Landet har ein av dei høgaste førekomstane av HIV/AIDS i verda, truleg på rundt 29% av folket, med ein aukande prosentdel. Styresmaktene i landet såg seint det enorme trugsmålet frå sjukdommen, og det som er blitt gjort for å stoppa spreiinga har bare hatt avgrensa verknad. Landet har likevel skapt fleire planar og kommisjonar for å prøva å takla problemet.
AIDS-epidemien har senka den venta levealderen brutalt, og har gjeve utslag på folkeveksten, som nå er nær stogga. Ein gut fødd i 1990 hadde ein venta levealder på 51,6 år, i 2000 42,5, medan den forventa levealderen i 2005 er utrekna til bare å vera 32,3[1]. Liknande dystre tal gjeld for kvinner.
[endre] Økonomi
Den viktigaste naturressursen til Lesotho er vatn, som det har i store mengder.
Lesotho er nært knytta økonomisk som geografisk til Sør-Afrika. Landet baserer seg på eksport av vatn og elektrisitet til dette landet, i tillegg til lesotharar som arbeider i Sør-Afrika. Landet eksporterer òg diamantar, mohair og ull. Elles er økonomien jordbruksbasert. Over halvparten av inntektene i landet kjem frå denne sektoren, og nær halvparten av folket tener noko på dyrking av jord eller dyrehald.
Sørlege Afrika |
Angola | Botswana | Lesotho | Malawi | Mosambik | |
[endre] Lenkjer ut