Kudymkar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kudymkar (russisk Кудымкар) er ein by i Russland, og hovudstad i Komi-Permjakia sjølvstyrte område. Folkesetnaden er 34 500 (2001). Ligg på begge sider av elva Inva, ei sideelv til Kama. Kudymkar vert første gong nevnt i 1579. Fekk bystatus i 1938. 64% av innbyggjarane er komi-permjakar - eit finsk-ugrisk folkeslag, men daglegspråket i byen er hovudsakleg russisk.