Four Weddings and a Funeral
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Four Weddings and a Funeral, kalla Fire bryllup og en gravferd på norsk, er ein britisk romantisk komedie frå 1994. Filmen er regissert av Mike Newell. Han var den fyrste av fleire filmar skrivne av Richard Curtis med Hugh Grant i ei av hovudrollene. Elles spelar Andie MacDowell den andre hovudsrolla i filmen som handlar om engelskmannen Charles og den amerikanske dama Carrie som møter kvarandre i ulike bryllaup og i ei gravferd. Til slutt vil Charles gifte seg med Carrie. Ho takkar nei, men ho vil dele livet med Charles utan å gifte sig. Deretter lever dei lukkeleg med kvarandre og sonen sin.
Filmen har vunne fleire prisar og vart ein stor publikumssuksess.
[endre] Rolleliste
- Hugh Grant: Charles
- Andie MacDowell: Carrie
- James Fleet: Tom
- Simon Callow: Gareth
- John Hannah: Matthew
- Kristin Scott Thomas: Fiona
- David Bower: David
- Charlotte Coleman: Scarlett
- Rowan Atkinson: Father Gerald
- Anna Chancellor: Henrietta («Duckface»)
[endre] På verdsveven
- Four Weddings and a Funeral på The Internet Movie Database (IMDb)