Donald Tusk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donald Franciszek Tusk (f. 22. april 1957) er ein polsk politikar, og statsminister i Polen sidan 16. november 2007. Han leiar det liberal-konservative partiet Platforma Obywatelska (Borgarplattform). Partiet hans vart det største partiet ved parlamentsvalet 21. oktober 2007, med 41,5 % av røystene, og danna ei koalisjonsregjering med det mindre Polske folkepartiet.
Donald Tusk vart fødd i Gdańsk. Han tok magistergrad i historie ved universitetet i Gdańsk i 1980. Han er gift, med ein son og ei dotter.
Føregjengar: Jarosław Kaczyński |
Statsminister i Polen (2007– )
|
Etterfylgjar: — |