See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Dansk historie - Wikipedia

Dansk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre] Danmarks historie

Det levde faktisk mennesker i Danmark for 100.000 år sidan, men då den siste istida kom måtte dei flytta sørover. Det gjekk nesten 90.000 år før det var muligt for mennesker å flytta til Danmark igjen. Innflyttarane i den tidlege steinalderen levde av jakt, fiske og av å sanka mat i naturen. For rundt 6000 år sidan begynte menneska å dyrka jorda.

I bronsealderen (for ca 4000 år sidan), begynte danskene å handla med folk frå andre land. Etter kvart som århundrene gjekk reiste handelsmenna stadig lenger og lenger vekk. Sjølv om det framleis ikkje fantest noko skriftspråk i norden på denne tida laga menneska hellerissningar som førestilte bl.a dyr og båtar. Då brosealderen blei erstatta av jernalder auka kontakten med omverda.

I vikingtida var det stadig fleire som begav seg ut på reiser, og ikkje berre for å bytta varar. Dei danske vikingane reiste først og fremst til Nord-England, Irland og Normandie. De handla, plyndra og la land inn under seg. Vikingferdane åpna nye handelsvegar og førte Norden nærmare resten av Europa. Kristendommen kom til dei nordiske landa. Etter kvart som kristendommen spredte seg, opphøyrte vikingferdane. I begynnelsen av vikingtida bestod Danmark av fleire småkongedømmer, men for ca 1000 år sidan samla Harald Blåtand desse til eit rike, kongeriket Danmark

.

I middelaldaren var Danmark til tidar ein stormakt, mens andre gonger var Danmark prega av borgarkrig. På 1400-tallet samla dronning Margrete I dei tre skandinaviske landa Norge, Sverige og Danmark i ein union – Kalmarunionen. Den bestod heilt til Gustav Vasa brøyt ut av unionen og på ny oppretta den svenske krona (år 1523). I middelaldaren var Danmark katolsk og kyrkja var langt mektigeare og rikare enn den er i dag. I samfunnet råda det føydale systemet der kongen var den mektigaste, fulgt av dei geistlege, etter dei kom adelen som ofte var kongens riddarar og offiserar, lengre nede i samfunnet kom håndverkarar, deretter bønder og heilt til slutt dei arbeidslausee og dagdrivarane.

Etter middelaldaren mista DanmarkLenkjetittel fleire store landområder. Men alikavell blei det berre fleire å fleire folk i landet.folketallet steig frå ca. 600000 i 1660 til 700000 i 1720 og nesten 1000000 i byrjinga av 1800-tallet. Etter Napoleonskrigane i 1814, der Danmark var på taparnanes side, måtte Danmark avstå fra Norge, som gjekk inn i union med Sverige. Seinare på 1800-tallet mistar Danmark fleire hertugdømmer til Tyskland.

I byrjinga av 1900-tallet satte industrialiseringen i gang for alvor. Stadig fleire fabrikkar tok i bruk dampmaskinar som gjorde dei tyngste oppgåvene enklare, og etter kvart auka også levestandarden. Under 1. verdenskrig var Danmark nøytralt, men under 2. verdenskrig ble dei invadert og okkupert av Tyskland. Etter krigen blei Danmark medlem av Nato, og var med på å stifta FN. I 1973 meldte Danmark seg inn i EF, som seinare blei EU.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -